Ledig stilling

Vi har no ledig stilling som:

Tømrarbas

Er du ein dyktig og erfaren tømrarbas som likar å leie byggeprosjekt? Då er du den vi ser etter!

Du får ansvar for byggeplass og eigne prosjekt. Dette inkluderer nybygg, tilbygg, restaurering og rehabilitering av bygg.

Personlege eigenskapar vi vektlegg er at du er sjølvstendig, ryddig, positiv, omgjengeleg og ansvarleg.

Faglege kvalifikasjonar som må vere på plass er:

  • Fagbrev som tømrar
  • Erfaring frå tilsvarande stilling
  • Gode norskkunnskapar, både muntleg og skriftleg
  • Evne til å bruke digitale verktøy

Vi tilbyr ein spennande og variert arbeidskvardag med gode moglegheiter for både personleg og fagleg utvikling. Konkurransedyktige vilkår.

VI ser fram til å få DEG med på laget! 

Søknadsfrist: 31/12-2024

Søknad med CV sendast til: thorstein@jotunheimenbygg.no

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med Thorstein på telefon 91718032.